Helserelatert livskvalitet hos eldre pasientar med nyresvikt

Kjersti Lønning, Sjukepleier PhD, Kristian Heldal, Overlege PhD MHA, Karsten Midtvedt, Overlege PhD; alle Avdeling for Transplantasjonsmedisin,
Seksjon for Nyremedisin, Oslo Universitetssykehus, Rikshospitalet. Korrespondanse Kjersti Lønning, e-post: klonning@ous-hf.no

For pasientar med endestadium nyresvikt vil ein vellukka nyretransplantasjon gi betre sjanse for langtidsoverleving enn å fortsette i dialyse. Etter transplantasjon har studiar vist at helserelatert livskvalitet er god, men den har vore lite undersøkt hos eldre pasientar (>65 år) med nyresvikt. I denne artikkelen vil vi gjennomgå eksisterande dokumentasjon vedkomande livskvalitet hos eldre nyretransplanterte og dialysepasientar.

Bakgrunn

Forsking innan nyretransplantasjon har tradisjonelt inkludert pasient­overleving, graftoverleving, andel rejeksjonar, estimert og målt GFR og, i nokre få publikasjonar, helse­personell si vurdering av pasient­velvære (1-5). Sjølv om pasienten sitt perspektiv på eigen helsesituasjon i større grad har vore inkludert i studiar dei seinare år (6) er området framleis utilstrekkelig utforska, og informasjon manglar spesielt på eldre pasientar med nyresvikt som er aktuelle for nyretransplantasjon (7). Pasientperspektivet er viktig då det kan avdekke informasjon som ikkje er inkludert i tradisjonell forsking, korleis pasientane erfarer sjukdom og helse under og etter behandling. Dette er eit viktig perspektiv på konsekvensane av sjukdom og effekt av behandling (8). Eit kvart operativt inngrep er risikabelt og risikoen aukar hos pasientar med høg alder og kjend komorbiditet. Etter ein nyretransplantasjon er pasienten avhengig av livslang Immunosuppressiv behandling. Mange pasientar opplever biverknader av medikamenta som innverkar på helserelatert livskvalitet. Andelen eldre som trenger nyreerstattande behandling og som er funne eigna for transplantasjon er aukande. Eldre personar har naturlig nok redusert gjenverande livslengde og det er då spesielt viktig å kartlegge optimal behandling. Med andre ord vil transplantasjon hos eldre pasientar og gje auka helse­relatert livskvalitet?

Helserelatert livskvalitet

Sjølv om forsking på livkvalitet innan transplantasjonsmedisin er begrensa har livskvalitet “alltid” vore eit tema. I ein artikkel publisert så langt tilbake som i 1966, nytta JR Elkinton nyretransplantasjon som eit eksempel i diskusjonen om medisin og livskvalitet (9). Han poengterte kva ein helsearbeidar burde ynskje for sin kronisk sjuke pasient: “not just absence of death, but life with the vibrant quality that we associate with the vigor of youth” (9).

Livskvalitetsgruppa til verdens helseorganisasjon (WHOQOL) har definert livskvalitet som: “individuals’ perceptions of their position in life in the context of the culture and value system in which they live and in relation to their goals, expectations, standards and concerns” (10). Denne definisjonen poengterer at livskvalitet er subjektivt og inkluderer både positive og negative fasettar i livet. Vidare er den multidimensjonal, kompleks, påverka av personen si fysiske helse, psykiske status, nivå av sjølstende, sosialt nettverk og forholdet til omliggjande miljø (10).

Helserelatert livskvalitet vart introdusert for å fokusere direkte på kva konsekvens sjukdom og behandling har på livskvaliteten til pasienten (11). Hos nyresviktpasientar kan det vera vanskelig å skilje mellom helserelatert og ikkje helserelatert livskvalitet då endestadium nyresvikt som ein kronisk sjukdom påverkar mange områder av livet (12).

Når ein evaluerer helserelatert livskvalitet må ein som eit minimum dekke fysisk, psykologisk (inkludert emosjonell og kognitiv) og sosial funksjon. For å kunne hevde og vise statistisk og klinisk signifikant endring i helserelatert livskvalitet, må instrumentet måle korleis pasienten i den aktuelle studien erfarer symptom og funksjon etter behandling. ­Endringane må vera av tilstrekkelig storleik for å bli anerkjent som viktige. Eit helserelatert livskvalitets­intstrument er ein bestemt type instrument for måling av pasient­rapporterte utkomme (8).

PROM

Pasientrapporterte utkommemåling («Patient Reported Outcome» – PROM) er definert som måling av eit kvart aspekt av helsestatusen til ein pasient som vert rapportert direkte frå pasienten (dvs. utan at lege eller andre tolkar  pasienten sin respons) (8). Evaluering av behandling, plagsame biverknader og forventa effekt på symptom er interessante områder som er spesielt viktig ved kronisk og alvorlig sjukdom. Den enkelte si oppfatning av livskvalitet endrar seg etter som tida går (13) og gjennom ulike fasar av kronisk nyresvikt og det er blitt vist at den betrar seg etter nyretransplantasjon (14). Hos eldre pasientar kan betra helserelatert livskvalitet til og med vera viktigare enn forlenga leveutsikter (15).

Å leva med kronisk sjukdom

Nyresviktpasienten med sin kroniske sjukdom startar i dialyse og mange håpar å få tilbod om nyretransplantasjon. Prosessen kan gå over lang tid, og de som står på venteliste for transplantasjon venter ofte i fleire år. Dette gir godt høve til å undersøkje pasientrapporterte utkomme som symptom, funksjon, helse og livskvalitet longitudinelt.

Nokre studiar har undersøkt helserelatert livskvalitet hos vaksne pasientar med endestadium nyresvikt. I ein nylig publisert studie har Wyld og medarbeidarar fylgd australske nyresviktpasientar prospektivt gjennom 12 år med livskvalitetsspørjeskjemaet SF 36. Pasientar frå den australske diabetes cohorten, 25 år og eldre (gj.snittsalder 64 år) med kronisk nyresvikt i ulike stadier vart inkludert. Resul­tatet, justert for alder og kjønn viser at fysisk helse er signifikant redusert i høve til den generelle befolkninga og at den blir ytterligare redusert ved sjukdomsprogresjon. Mental helse er derimot på nivå med den generelle befolkninga og held seg stabil (16). Dette bekreftar funn i tidligare studiar, Pagels og medarbeidarar viser og at iverksetjing av dialyse påverkar helserelatert livskvalitet negativt, spesielt vert sosial funksjon redusert (17). Dette er i samsvar med funn i vår studie (Question 65) der pasientar 65 år og eldre rapporterte redusert helserelatert livskvalitet det fyrste året på venteliste (figur 1). Tid i dialyse var ein viktig faktor for den reduserte helserelaterte livskvaliteten (18). Studiar som samanliknar helserelatert livskvalitet mellom ulike nyreerstattande behandlingsmodalitetar (hemodialyse, peritonealdialyse og transplantasjon) viser at pasientar som er nyretransplantert har betre helserelatert livskvalitet enn pasientar i dialyse (11, 19). Vidare, når ein evaluerer helserelatert livskvalitet i same kohort før og etter nyretransplantasjon, vert helserelatert livskvalitet forbetra etter transplantasjonen uavhengig av nyreerstattande behandling før transplantasjon (20). Felles for alle desse studiane er at få eldre pasientar er inkludert, gjennomsnittsalder er 45-55 år sjølv om alderen på nyresviktpopulasjonen som nemnt er aukande (21). I Noreg har von der Lippe og kollegaer fylgd pasientar frå dialyse til transplantasjon og viser forbetring i helserelatert livskvalitet etter transplantasjon i ein yngre populasjon (22).

Den eldre transplanterte nyresviktpasienten

Nokre få studiar har sett retrospektivt på livskvalitet hos nyreresipientar ≥ 65 år samanlikna med yngre resipientar, og fann at nyretransplanta­sjon gav god gevinst i helserelatert livskvalitet tilsvarande som for yngre resipientar (23, 24). I ein relativt ny oversiktsartikkel, skildrar Pinter og kollegaer perspektivet til eldre nyretransplanterte (14). Studien inkluderer data frå 21 kvalitative studiar, i 10 av studiane er det spesifisert kor mange inkluderte som er over 60 år (totalt n=116). Forfattarane konkluderer med at eldre nyretransplanterte pasientar opplever at nyretransplantasjonen bremser eller til og med reverserer prosessen av aldring og forverring av helse som dei opplevde i dialyse. I ein stor pågåande prospektiv studie av norske transplantasjonskandidatar (n=289) eldre enn 65 år evaluerer vi helserelatert livskvalitet frå dei blir godkjent for nyre transplantasjon fram til 5 år etter transplantasjon. I løpet av fyrste året på venteliste for transplantasjon vert livskvaliteten redusert, tid i dialyse er ein viktig faktor (18). Figur 2 viser at allereie eit år etter transplantasjonen er livkvalitet på nivå med den generelle norske befolkninga med tilsvarande alder (25). Om denne auka livs­kvaliteten held seg også ved 3 og 5 år veit vi førebels ikkje.

Konklusjon

Nyretransplantasjon gir som hovudregel pasientane betre livskvalitet samanlikna med det dei hadde mens dei var i dialysebehandling. Fleire studiar er nødvendig for å klargjere kva for variablar som kan påverke livskvaliteten etter transplantasjon i gunstig eller ugunstig retning.


Referanser

  1. Heldal K, Hartmann A, Grootendorst DC, de Jager DJ, Leivestad T, Foss A, et al. Benefit of kidney transplantation beyond 70 years of age. Nephrol Dial Transplant. 2010;25(5):1680-7.
  2. Rao PS, Merion RM, Ashby VB, Port FK, Wolfe RA, Kayler LK. Renal transplantation in elderly patients older than 70 years of age: results from the Scientific Registry of Transplant Recipients. Transplantation. 2007;83(8):1069-74.
  3. Dempster NJ, Ceresa CD, Aitken E, Kingsmore D. Outcomes following renal transplantation in older people: a retrospective cohort study. BMC Geriatr. 2013;13:79.
  4. Cho H, Yu H, Shin E, Kim YH, Park SK, Jo MW. Risk Factors for Graft Failure and Death following Geriatric Renal Transplantation. PLoS One. 2016;11(4):e0153410.
  5. Lonning K, Midtvedt K, Leivestad T, Reisaeter AV, Line PD, Hartmann A, et al. Are Octogenarians With End-Stage Renal Disease Candidates for Renal Transplantation? Transplantation. 2016;100(12):2705-9.
  6. Kaufman SR, Shim JK, Russ AJ. Old age, life extension, and the character of medical choice. J Gerontol B Psychol Sci Soc Sci. 2006;61(4):S175-84.
  7. Chong K, Unruh M. Why does quality of life remain an under-investigated issue in chronic kidney disease and why is it rarely set as an outcome measure in trials in this population? Nephrol Dial Transplant. 2017.
  8. Guidance for industry: patient-reported outcome measures: use in medical product development to support labeling claims: draft guidance. Health and quality of life outcomes. 2006;4:79.
  9. Elkinton JR. Medicine and the quality of life. Ann Intern Med. 1966;64(3):711-4.
  10.  The World Health Organization quality of life assessment (WHOQOL): Position paper from the World Health Organization. Soc Sci Med. 1995;41(10):1403-9.
  11. Czyzewski L, Sanko-Resmer J, Wyzgal J, Kurowski A. Assessment of health-related quality of life of patients after kidney transplantation in comparison with hemodialysis and peritoneal dialysis. Ann Transplant. 2014;19:576-85.
  12. Ferrans CE, Zerwic JJ, Wilbur JE, Larson JL. Conceptual model of health-related quality of life. J Nurs Scholarsh. 2005;37(4):336-42.
  13. Hansen T, Slagsvold B. The age and subjective well-being paradox revisited ; a multidimensional perspective. Norsk epidemiologi. 2012;22(2):187-95.
  14. Pinter J, Hanson CS, Craig JC, Chapman JR, Budde K, Halleck F, et al. ‘I feel stronger and younger all the time’-perspectives of elderly kidney transplant recipients: thematic synthesis of qualitative research. Nephrol Dial Transplant. 2016;31(9):1531-40.
  15. Bond J, L. C. Quality of life and older people. Berkshire, UK: Open University Press; 2011.
  16. Wyld MLR, Morton RL, Clayton P, Wong MG, Jardine M, Polkinghorne K, et al. The impact of progressive chronic kidney disease on health-related quality-of-life: a 12-year community cohort study. Qual Life Res. 2019;28(8):2081-90.
  17. Pagels AA, Soderkvist BK, Medin C, Hylander B, Heiwe S. Health-related quality of life in different stages of chronic kidney disease and at initiation of dialysis treatment. Health and quality of life outcomes. 2012;10:71.
  18. Lonning K, Midtvedt K, Bernklev T, Brunborg C, Andersen MH, von der Lippe N, et al. Changes in health related quality of life in older candidates waiting for kidney transplantation. Nephrology (Carlton, Vic). 2017.
  19. Wyld M, Morton RL, Hayen A, Howard K, Webster AC. A systematic review and meta-analysis of utility-based quality of life in chronic kidney disease treatments. PLoS Med. 2012;9(9):e1001307.
  20. Kostro JZ, Hellmann A, Kobiela J, Skora I, Lichodziejewska-Niemierko M, Debska-Slizien A, et al. Quality of Life After Kidney Transplantation: A Prospective Study. Transplant Proc. 2016;48(1):50-4.
  21. Abdulla A, Wright PN, Ross LE, Gallagher H, Iyasere O, Ma N, et al. Proceedings From the Symposium on Kidney Disease in Older People: Royal Society of Medicine, London, January 19, 2017. Gerontology & geriatric medicine. 2017;3:2333721417736858.
  22. von der Lippe N, Waldum B, Brekke FB, Amro AA, Reisaeter AV, Os I. From dialysis to transplantation: a 5-year longitudinal study on self-reported quality of life. BMC Nephrol. 2014;15:191.
  23. Humar A, Denny R, Matas AJ, Najarian JS. Graft and quality of life outcomes in older recipients of a kidney transplant. Exp Clin Transplant. 2003;1(2):69-72.
  24. Rebollo P, Ortega F, Baltar JM, Alvarez-Ude F, Alvarez Navascues R, Alvarez-Grande J. Is the loss of health-related quality of life during renal replacement therapy lower in elderly patients than in younger patients? Nephrol Dial Transplant. 2001;16(8):1675-80.
  25. Lonning K, Heldal K, Bernklev T, Brunborg C, Andersen MH, von der Lippe N, et al. Improved Health-Related Quality of Life in Older Kidney Recipients 1 Year After Transplantation. Transplantation direct. 2018;4(4):e351.